Foto: Mari H. Sunde

Solid innsats under årets dugnad

– Me er heldige som har så mange flinke folk som kjem og hjelper oss, seier driftsleiar Arne Voll.

Over 30 personar deltok på dugnaden, og mykje arbeid blei gjort.

– Status etter dugnaden er at me fekk gjort alt som stod på ønskelista til skulen. I dei nye beplantingsområda har det blitt planta nye buskar og pynta med bark. Folk har rydda, murt og saga tre, og på fleire av personalbustadene har det blitt vaska, reparert kledning og malt. I tillegg er det utført ulike andre kontroll- og serviceoppgåver på heile området.

I pausane blei det servert grillmat, kaffi og bollar

Voll fortel at 30 dagsverk betyr mykje for Lundeneset.

– Det er heilt klart ei veldig god hjelp for oss, og så var me heldige som fekk ein dag med så godt vêr. Eg synest det var god stemning under heile dugnaden, avsluttar han.

Foto: Mari H. Sunde