Lundeneset VGS er en kristen friskole med offentlig godkjenning og eksamensrett for inntil 298 elever. Vi har ca 190 elever, og flesteparten av disse bor i internatet. Skolen eies av Misjonssambandet (NLM).
Skolen tilbyr utdanningsprogramma Studiespesialisering, Salg, service og reiseliv, IT og medieproduksjon og Påbygging til generell studiekompetanse.
Skolen ligger i Vindafjord kommune, ca. 45 km øst for Haugesund.
Lundeneset er en del av Misjonssambandet skoler, og er medlem i Kristne Friskoler Forbund (KFF).
Lundeneset sin visjon er å danne og utruste morgendagens samfunnsbyggere. Vi ønsker at elevene skal få erfare de er skapt til å gjøre en forskjell.
Lundeneset VGS AS
Lundanesvegen 37
5582 ØLENSVÅG
Sjølv om skulen har eit kristent verdisyn og ei kristen verkelegheitsforståing, betyr ikkje det at du som elev må vera kristen. Me ønskjer å fortelja om Jesus, men har respekt for elevar som ikkje trur, eller trur på noko anna. På Lundeneset vil du møta mange som er kristne, og me har eit obligatorisk kristendomsfag. Kristne møte og bibelgrupper skjer på fritida, og er frivillig å vera med på.
Lundeneset er ein populær skule, og hovudregelen er at ein får skuleplass med utgangspunkt i karakterane. Førsteopptaket i mars har eit høgare karaktersnitt enn det som er det reelle snittet ved skulestart i august. Det er fordi fleire som har søkt seier frå seg plassane i løpet av våren og sommaren. Så gode karakterar gir deg tidleg plass, men har du is i magen, er det fullt mogleg å få plass med lågare karakterer også.
Fritidstilbodet på Lundeneset er variert. Me har eigen gymsal, og uteområde som ligg til rette for ulike typar fritidsaktivitetar. Og så har me kvart år to flotte miljøarbeidarar som har som einaste oppgåve å skapa eit godt fritidsmiljø! Naturen, fjella og sjøen ligg rett utanfor internatdøra. 20 minutt unna ligg langrennsløypene vinterstid. Elles kan det nemnast at Lundeneset har fotballag i seriespel, og det blir arrangert hobbygrupper. I tillegg skjer det mykje uorganisert som elevane finn på sjølv.
Undervisninga du får på Lundeneset tilsvarer den du får på andre vidaregåande skular, me følgjer dei same læreplanane. Eksamen føregår etter same reglar og på same måte som elles i landet. Lundeneset har i tillegg kristendom som eit to-timarsfag i VG1 og VG2. I dette faget kan ein trekkast ut i munnleg eksamen.
Det stemmer at det kostar litt å gå på Lundeneset, sidan Lundeneset ikkje har same tilskotsordning som offentlege skular. Skulepengane er på mellom 2350 og 2600 kroner månaden (skuleåret 2025-26). Bur du på internat, kjem kostnaden med internatplass i tillegg. Her ligg prisane på mellom 7950-8850 kroner pr mnd. Mesteparten av dette blir dekka gjennom stipend frå lånekassen (bortebuarstipend). Inkludert i internatprisen, er alle måltid i løpet av dagen. Dette kan du lesa meir om her
Har du fleire spørsmål? Velkommen til å ta kontakt med oss, send epost til post@lvs.no, eller ta kontakt med oss via Facebook-sida vår. Du finn også meir informasjon i menyen til høgre på denne sida.
Og hugs: Det er framleis mogleg å søka skuleplass, sjølv om opptaket for neste skuleår er i gang. Send søknadsskjema her!