Kristen skole

På Lundeneset vil du møta tilsette og elevar som trur på Jesus. Men du treng ikkje vera kristen for å gå på Lundeneset. Skulen har alltid elevar med forskjellig tru. Det er uansett viktig for oss at alle elevar blir inkludert og respektert, same kva tru ein måtte ha.

Den kristne bodskapen er viktig for oss. Me vil gjerne dela den, fordi me meiner den er god og sann. Elevar på Lundeneset må forventa å bli utfordra av den kristne trua, men det skal skje med respekt og utan press eller manipulasjon.

På Lundeneset vil du få tilbod om å delta på kristne samlingar på fritida. Dette er frivillig, men det pleier å vera ein stor del av elevane som deltar. I skuletida har me ei felles skulesamling med kristent tema og bønn kvar dag, og me har eit eige kristendomsfag. Me prøver å skapa eit miljø der tru og livssyn blir naturleg å snakka om, og der me løftar fram dei store spørsmåla i livet. Me meiner det er bra å kunna snakka om dette på ein open og respektfull måte.

Det er ikkje alltid enkelt å vera ungdom. Me trur at det er viktig å bli sett, lytta til og respektert. Me ynsker å sjå elevar som tar av seg maska si, som vågar å vera opne og dela litt av seg sjølv. Me ynskjer å sjå elevar som får ny glans i augo. Me ynskjer å sjå kvarandre og hjelpa kvarandre. Me vil ha eit miljø der me bryr oss og kan vera trygge på kvarandre.

Ein viktig del av visjonen vår er å skapa eit kristent fellesskap som gir næring og styrke til truslivet og som utfordrar til teneste for Gud og menneske. Me meiner at kristen tru og kristne verdiar gir oss ein god tryggleik i møte med skiftande normer og samfunnstrendar. Me vil gi innsikt i kristen forståing av verkelegheita og kristent menneskesyn. Det er Bibelen som er både sentrum og leiestjerne for oss i dette landskapet.

Velkommen til å bli ein del av Lundeneset-miljøet! Me tvilar på at du vil angra.