Skuleslutt 2014

Ein avslutningsdag på Lundeneset kan opplevast på mange måtar. Mange er triste, nokre er glade, andre kjenner nok på ei blanding av begge to. Nokre sluttar av for siste gong, andre kjem tilbake i august. Det e tårer, klemmar og smil. Slik var også avslutningsdagen dette året. På ettermiddagen var plassen prega av foreldre som bar meir eller mindre godt pakka saker og ting til bilane sine, stua det inn og vona at bagasjeluka ville la seg lukka. Dei siste romma vart godkjente etter utvask, folk byrja å lura på kvar bunaden hadde teke vegen, og plutseleg var klokka seks og det var tid for avslutningsfest.

Festen vart leia på ein framifrå måte av to russ – Synnøve Røysland og John Isak Furuseth. Rektor Gustav Løge Fosse talte til forsamlinga, slik tradisjonen er. Kveldens festtalar var Raymond Bjuland, far til ein av avgangselevane. Russen spelar ei viktig rolle på avslutningsfesten, så også i år. Ein flott takketale til skulen av Chartlotte Christensen vart fulgt av sang av russekoret og takketale av russepresident Morten Stensland. Så var det klart for overrekking av resultatet av russeprosjektet. Elise Haugland kom frå hovudkontoret til NLM for å overta sjekken på over trekvart million kroner. Skulen fekk også ei gåve frå russen på 70 000 kroner. Imponerande.

Under festen vart det teke opp ei gåve til skulen. Her kom det inn over 20 000 kroner. Me takkar hjarteleg for gåva til skulen.

Etter festen var det kake-eting, kaffidrikking og fotografering.

Og tårer. Mange tårer.

Publisert av
Andreas C. Våge 2014-06-20 15:04:26

Merker
2020-2021
,
Skolestart
Del denne siden