36ec505d-17f4-49a0-8cba-732da7f62c95

Stenger skule og internat

Det er pr. i dag ingen kjende tilfelle av smitte eller personar i karantene her hos oss, men elevane vart bedt om å reisa heim snarast råd.

Det blir nå lagt opp til fjernundervisning. Kvar elev må sørge for tilgang til nett slik at ein kan delta via nettløysingar. Timeplanen vil gjelde og det kan bli gjennomført virtuell undervisning. Andre opplegg og innleveringar med meir vil bli kunngjort på Canvas. Det vil bli fråværsoppfølging. Opplæringa i dei ulike faga vil skje i tråd med gjeldande planar.

Vg1 sin vestlandstur etter påske blir avlyst.

Følg med på lvs.no/ for vidare informasjon.

Ta kontakt på post@lvs.no eller 53 77 51 00 (kvardagar 08.00-15.30) ved spørsmål.