Siste sjanse i Skaret-konkurranse

Av Amalie Olsen

Skaret er eit turmål der løypa ligg lett tilgjengelig for elevar på Lundeneset.
Miljøarbeidar Sunniva Thorisdottir har ansvar for Skaret-konkurransen som er dratt i gang på Lundeneset vidaregåande skole.
– Kva går konkurransen ut på?
– Konkurransen går ut på å gå flest turar til Skaret fram til jul. Det er ein eigen konkurranse for gutar og jenter, seier Sunniva, og legg til at dei kjem også til å premiere ein tilfeldig som har gått til Skaret.

 Engasjement
– Formålet med konkurransen er å få elevane ut i aktivitet. Me har så mange fine turområde og moglegheiter rundt oss her på Lundeneset.
Sunniva trur at konkurransen kan skape eit engasjement for å gå tur, kome seg ut frå internata og halde seg i form.
– Har du merka stort engasjement frå elevene?
– Me har merka stort engasjement frå fleire av elevane. Det har blitt ein slags intern konkurranse mellom elevane som går mest tur. Det er til og med nokre få som går til Skaret fleire gonger i veka eller kvar dag.

Kjekt med tur
Laila og Karen går i 1ST på Lundeneset. Dei har engasjert seg i å gå tur og har til nå (i oktober) gått 12 turar til Skaret.
– Går de for seier og kvifor går de desse turane?
– Nei, me veit om nokon som går veldig mykje meir, seier Karen.

I starten av skuleåret gjekk dei opp til Skaret i gym, etter det avtalte dei å gå opp i lag ein gong etter skulen.
– Plutselig blei det til at me gjekk to gonger i veka. Konkurransen kom ikkje før etter me bestemte oss for dette, seier Laila.
Begge vil gjere det på grunn av treninga, men dei er einige om at det er kjekt å gå tur i lag uansett.
– Kva synest de om at denne konkurransen har blitt dratt i gang?
Laila synest det er bra, for då får dei motivasjon til å trene.
– At dei har premie motiverer nok bra, seier Karen.

Denne saka vart laga som ein del av eit avisprosjekt VG1 medieproduksjon hadde tidlegare i haust.

 

Publisert av
Anne Karine Stautland 2016-12-12 18:28:53

Del denne siden