Seriemeistrar frå Lundeneset
Fotballaget til Ølen G19, der mange av spelarane har tilknyting til Lundeneset, er suverene på toppen av tabellen denne hausten.
Gutelaget har vunne dei fleste kampane i haust, med minst 5-6 mål. Den mest interessante kampen var kanskje den siste, som vart spelt 1. november. Då blei resultatet 1-1 mot Torvastad. – Sånn sett var nok dette den mest spennande og artige kampen for oss, seier trenar Ole Arne Pedersen til Grannar.
På toppen av tabellen står no Ølen G19 med 16 poeng, og ein måldifferanse på 45-7 i Ølen sin favør.
Overfor Grannar skildrar Pedersen førstedivisjonslaget som ein samansveisa gjeng som trenar to gonger i veka i tillegg til kamp. Spelarane består av ei god blanding av elevar frå Lundeneset og Ølen vgs. Trenar er imponert over innsatsen:
– Ekstra imponerande er det sidan mange av spelarane verken har møtt kvarandre eller spelt saman før no i haust, seier Pedersen til avisa.
Toppscoraren på fotballaget heiter Casper Kvamen Klausen, og er elev på Ølen vgs. Heile 29 av måla til Ølen G19 har han sørga for på dei åtte kampane i haust.
Også jentelaget, Ølen J19 har vist stor framgang denne hausten. Dette laget består av 20 jenter med stor treningsiver.
– Jentene har hatt eit begrensa kamptilbod i haust, på grunn av fleire lag som har trukke seg. Laget har fått spelt fem av 10 kampar. Me satsar på eit betre kamptilbod for desse spelarane til våren, seier Pedersen.
Foto: Kees A. Z. Fjellvang