IMG_0433

Ser på fagtilbodet

Rektor Gustav Løge Fosse seier det er fleire ting han håpar å landa før sommaren. Det gjeld ikkje berre strukturen på VG1 i 2020, men også kva retning VG1-elevane skal fordjupa seg i i VG2 i 2021.

– Me er ein liten privatskule, og systemet er noko rigid. No ser me på kva handlingsrom me har, og ei viktig avgjerd som må takast er om me skal halda fram med om lag samme struktur som i dag, altså eit tilbod som består av studiespesialisering, to yrkesfag og påbygg til generell studiekompetanse, seier Fosse.

Fag liknar, delvis endra innhald
Dersom ein går for ein tilsvarande struktur som i dag, betyr det at Lundeneset tilbyr utdanningsprogramma IKT og medieproduksjon, og Sal, service og reiseliv av yrkesfag. Namna er arbeidstitlar, men seier ein del om eit delvis endra fagleg innhald.

Du kan lesa meir om fagfornyinga her.

– Den største skilnaden på nye sal, service og reiseliv, og dagens service og samferdsle, er at faget kontor og administrasjon er vekke i VG2. I skissene til den nye modellen kan VG2-elevar velja sal og reiseliv, eller service og sikkerheit. Etter VG2 kan elevar som vil ut i lære velja fleire alternativ. I eitt av lærefaga er kontorfag og resepsjonsfag ivaretatt, forklarer Fosse.

Når der gjeld mediefag, kan elevane i VG2 fordjupa seg i medieproduksjon eller informasjonsteknologi etter den nye modellen. I VG3 kan dei velja blant fleire ulike lærefag innan IKT eller medieproduksjon.

For begge dei justerte yrkesfaga gjeld at elevane kan gå påbygg i staden for å gå ut i lære, slik som i dag.

– Elevane må få tydelege val
Fosse understrekar at skulen er i ein fase der ingenting er fastlagt. Heller ikkje Utdanningsdirektoratet er heilt i mål med namn og innhald i fagfornyinga. Men målet for Lundeneset sin del er at ein i løpet av 2019 har så mykje på plass at søkjarar til skuleåret 2020/21 veit kva dei har å velja i.

– Styret har utfordra faggruppene på Lundeneset i å koma med innspel. Så vil me nok ha ei grundig drøfting i personalet før me tek sommarferie. Etter sommaren vil det forhåpentlegvis bli teke ei avgjerd så snart som råd, seier Fosse.

Fram mot 2020 er det ikkje mogleg å gjera store endringar i tilbodsstrukturen, altså i form av heilt nye utdanningsprogram. Men Fosse fortel at skulen frå før har godkjenning for 298 elevar. Så mange elevar har ikkje skulen plass til, men det betyr at skulen kan gjera om på eksisterande tilbod. Skulle ein til dømes vurdert to parallellar på studiespesialisering i staden for noverande ordning med ein? Skulen kan også endra mediefag innanfor dagens godkjenning. Skulle ein til dømes sett meir på studieførebuande varianten av mediefag?

– Me ser på dei ulike alternativa, og kva faglærarane seier. Me innhentar også ein del informasjon utanfrå, ser på trendar, og ser på søkarstatistikken til dei ulike utdanningsprogramma for dei seinare åra. Me ser ingenting eintydig her, men det vil vera viktige faktorar når me konkluderer, avsluttar Gustav Løge Fosse.