– Sei ja til utfordringar
Kjølvik er frå Fogn, og var russ på Lundeneset i 2004. På skuleårets siste skuledag fortalde han elevane om sine draumar og mål, og korleis han planlegg for å nå dei. Han har klatra mange av verdast høgaste fjell, deriblant Denali i Alaska, Elbrus i Russland og Mount Everest i Nepal/Kina.
– Planlegging og opptrening er kjempeviktig før ein reiser på ein slik tur. Ingen reiser utrent til Nepal for å klatra Mount Everest. Då kan ein berre gi opp. Ein må blant anna trena på korleis ein reagerer på uventa hendingar, handtera utstyr i stummande mørke og når kroppen er fullstendig utsliten.
Folkehelse og livsmeistring
Det var det tverrfaglege temaet «folkehelse og livsmeistring» som stod på timeplanen til elevane denne tysdagen i midten av juni.
– Det viktigaste du kan gjera for å ta vare på helsa di, er å vera i fysisk aktivitet. Det førebyggjer mange sjukdomar. Kroppane våre er ikkje skapte for å vera for mykje i ro. Men når du er i aktivitet, skal du vera snill mot deg sjølv, ikkje vera din eigen strenge trenar med pisk. Det tærer på motivasjonen, sa Kjølvik.
Han meiner me treng passeleg med utfordringar for at ikkje livet skal bli keisamt. Men for mykje kan også bli feil: – Av og til må du seia ja til utfordringar som er litt utanfor komfortsona. Då veks du, og aukar kunnskap og kompetanse, seier trettiseksåringen.
Lytt til kroppen
Kjølvik opplevde å bli sjuk like før siste etappe under sitt første forsøk på å nå Mount Everest. Då måtte han ta eit val. Skal eg fortsetta, eller døy?
– Kroppen sa tydeleg frå at dersom eg held fram, døyr eg. Eg snudde, men var rasande. Eg følte draumen min var knust. Eg hadde bedt masse, og var sint på Jesus.
Då han kom til base camp, meinte legane at det var eit under at han var i live. Kroppen var veldig nedbroten. Han fekk medisinsk hjelp, men måtte reisa skuffa heim. Seinare fekk han vita at bestemor heime i Noreg bad for han akkurat då han stod på val om han skulle gi seg eller halda fram.
Seinare gjorde han eit nytt forsøk på å nå verdas tak, denne gongen frå Kina-sida av fjellet. Denne gongen lukkast han, sjølv om det blei dramatisk på slutten då også. Han fekk mellom anna problem med magen, og oksygenmaska fungerte ikkje skikkeleg.
Involver Jesus
Ole Jakob Kjølvik har mange gode minne frå tida på Lundeneset:
– Eg har berre gode minne herifrå, og eg er evig takknemleg for dei åra eg fekk her. Eg oppfordrar dykk til å nyta tida og bruka ho vel.
Til slutt kom han med ei oppfordring til elevar og tilsette:
– Sett deg for eit mål som motiverer deg. Hugs at kroppen toler uendeleg mykje meir enn du trur, både fysisk og psykisk. Men han må triggast for at han skal utviklast. Planlegg og prioriter, dette gir grunnlag for gode opplevingar. Og heilt til slutt: Involver Jesus i alt du gjer.