Samla inn over éin million
Sjekken med rekordbeløpet vart overrekt Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) ved informasjonsrådgivar Elise Haugland under skulen sin avslutningsfest fredag 10. juni. Ho takka for pengegåva og engasjementet, og håpte elevane ville ta med seg engasjementet for andre vidare i livet.
Haugland understreka at pengane frå russen sitt misjonsprosjekt vil gi menneske i Aust-Afrika vatn, betre helse og leseopplæring. Dei innsamla midlane går òg til medie- og internettarbeid, evangeliseringsarbeid og ein bibelskule i Tanzania.
I tillegg fekk Lundeneset ein sjekk på 55.000 kroner øyremerkt miljøtiltak ved internatskulen.
Totalbeløpet på 1.105.000 kroner har dei vel 60 avgangselevane fått inn blant anna ved å arrangera basar, misjonsløp, Grand Prix og fast givarteneste.
– Då me starta, hadde eg aldri trudd at beløpet ville bli så stort. Eg er svært stolt av russen og det arbeidet me har gjort, seier russepresident Judith Emelie Hageberg.
Her er fleire bilete frå avslutningsfesten, der Øivind Solheim talte, russekoret song og Judith Emelie Hageberg og Aslaug Karine F. Ottestad spelte.
- Imponerande beløp. Russen på Lundeneset vgs har totalt samla inn 1.105.000 kroner til NLM i løpet av russetida. Russepresident Judith Emelie Hageberg og prosjektansvarleg David Hovda (midten) saman med rektor Gustav Løge Fosse og informasjonsrådgivar i NLM, Elise Haugland. Foto: Anne Karine Stautland
















