Samla inn 871.022 i sponsorløp
Å springa misjonsløp i oktober er ein godt innarbeidd tradisjon på Lundeneset. Torsdag 17. oktober samla altså rundt 155 løparar inn 871.022 til russen sitt innsamlingsprosjekt i Sør-Amerika.
Deltakarane spring så ei løype på i overkant av 800 meter. Dei som sprang mest, klarte over 30 rundar av løypa på Lundeneset sitt området. Det var med andre ord fleire som la bak seg rundt 25 kilometer.
Pengane som elevar og støttespelarar har samla inn til går til arbeid Norsk Luthersk Misjonssamband sitt arbeid i Peru og Bolivia. Pengane vil blant anna bli brukt til barne- og ungdomsarbeid, familierådgjeving, og førebygging av familievald, alkoholmisbruk og seksuelle overgrep.
Sjå bilete frå løpet her! (Foto: Daniel Tonheim)
