Samla inn 1.125.000
På avslutningsfesten sist fredag blei millionen overrekt Norsk Luthersk Misjonssamband, organisasjonen som eig Lundeneset. Misjonær i Elfenbenskysten, Fredrik Berge, tok imot pengane. Han har sjølv gått på Lundeneset.
– I Elfenbenskysten og Mali støttar me ulike typar arbeid, blant anna helse- og utdanningsprosjekt, samfunnsutviklingsarbeid, evangeliserings- og kyrkjelydsarbeid, seier prosjektsjef for russen, Miriam Egeland.
I løpet av året har elevane brukt ulike verkemiddel for å nå innsamlingssummen. Den aktiviteten som medverkar med den største summen, er misjonsløpet som elevane sprang sist haust. Då kom det inn over 860.000.
– Me har i tillegg samla inn pengar gjennom ulike småarrangement som basar og kiosksal, fortel Egeland.
Prosjektsjefen er svært nøgd med innsatsen frå elevane.
I tillegg til sjekken på éin million, overrekte russen ein sjekk på 125.000 som skal gå til internat- og miljøtiltak på Lundeneset.