Russetida som ikkje var avlyst likevel

– Me hadde ikkje trudd at me fekk koma tilbake på skulen før sommarferien, seier Martine, Sondre, Svanhild og Berit. Dei sit i biblioteket og spelar kort, iført dei velkjende blå kjeledressane.

Sjølv om smittevern og ymse tiltak legg ein aldri så liten demping på feiringa av at 13 års skulegang snart er ferdig, var det likevel godt å få koma tilbake.

– Det var veldig kjekt å sjå folk igjen, seier Martine.

Litt russegøy og aktivitetar blir det tid til framover, trass strenge retningslinjer for sosial kontakt.

– Kva skjer dei neste dagane?

– Me får ta enkelte russeknutar denne veka. Dessutan har skulen sagt at russetida varer til 1. juni, fortel Sondre.

Svanhild legg til at dei arrangerer bilrebus 16. mai, og så er det også planlagt nokre aktivitetar 17. mai.

I Underbar er fire gutar i full sving med russebuksepynting. Ein av desse er russeprosjektsjef Torgeir. Eitt av arrangementa som blei avlyst i mars, var den store russebasaren.

– Planen no er å få gjennomført basaren på ein eller annan måte, på eit eller anna tidspunkt. Om det berre blir hovudtrekning, eller også åresal, vil visa seg, opplyser han.

Torgeir Vistnes og Endre Lauvås pyntar dei blå buksene.
Joacim er snart nøgd med innsatsen sin
Framleis litt som står att på Thomas si bukse

Publisert av
Helge Johan Stautland 2020-05-15 11:13:31

Merker
2020-2021
,
Skolestart
Del denne siden