Røyrleggarforkynnaren
Denne veka er det møteveke på Lundeneset, og me har besøk av Kristian Johansen (29) frå Bodø. Det er fjerde gongen han er på Lundeneset, og opplever det veldig fint å få koma tilbake.
– Det er positivt å oppleva at evangeliet rører ved dei som kjem på møta, seier Kristian.
Han reiser som forkynnar i NLM Norge halve året. Den andre halvparten er han rørleggar heime i Bodø.
– Det er ei fordeling som fungerer. Arbeidsgivaren min i Bodø synest dette er OK. Det er etterspurnad etter røyrleggarar der eg kjem frå, forklarer Kristian.
– Forkynnarrolla er også døropnar for mange gode samtalar i røyrleggarkvardagen. Både kundar og kollegaer veit at eg har to jobbar. Dei veit at eg er ein person dei kan snakka med om dei lurer på noko om kristendommen. På rørleggarjobben går eg under kallenamnet Presten, seier Kristian og smiler.
Men det Kristian likar aller best, er å treffa ungdomar på dei kristne skulane han besøker. Før Lundeneset var han to veker på Val vgs i Trøndelag.
– Ungdom er ei god aldersgruppe å forkynna for, og kanskje dei eg har aller mest nød for, seier Kristian, som også har møteveker på bedehus og forsamlingar ulike stader i Noreg.
Etter Lundeneset skal Kristian Johansen heim ein tur. Men heilt juleferie er det ikkje endå, både Oslo og Soltun soldatheim skal avleggast eit besøk i desember.