Rekordtidleg eksamen
I år er eksamensperioden framskunda med to veker. Tirsdag var turen komen til hovudmålseksamenen til VG3-gjengen.
Det er vanlegvis eit langt høgare lydnivå når alle årets russ er samla. Men i dag er det nesten heilt roleg i gymsalen som er gjort om til eksamenslokale for anledninga.
Norsk hovudmål er obligatorisk for alle i VG3, og like etter klokka 9 har alle fått tilgang.
Det er no det gjeld! Sit norskkunnskapen etter to år med undervisning? Forstår eg oppgåvene rett? Og ikkje minst: Har eg nok tid?
Me ønsker lukke til med gjennomføringa, både i dag og dei andre eksamenane som skal avviklast fram mot 20. mai.