Reiste gjennom Bibelen
Klasserom var bytta ut med møtesal for elevane i VG1 og VG2 då ”Reisa gjennom Bibelen” stod på timeplanen denne fagdagen. På podiet står Per Hjemdal som har vore prest i Den norske kyrkja i Etne sidan 2010. Han har snakka litt om kor mange språk Bibelen finst på, og kvifor det er viktig at Bibelen stadig blir omsett til nye språk. Ein kahoot der elevane må svara på om ulike namn og uttrykk stammar frå Bibelen, er òg ein del av programmet.
No har han nett lova dei frammøtte at dei i løpet av dei neste timane skal få læra bibelhistoria utanåt. Då trengst stikkord kombinert med rørsle, og Hjemdal går i gang med å fortelja om då Gud skapte verda, etterfølgt av historia om syndefallet, Noah og storflaumen og tårnet i Babel. For kvart stikkord lager han rørsler med hendene, slik at det skal vera lettare å hugsa. Og elevane gjentek.
– Me hadde same opplegg for to år sidan, men då var det berre for medieklassen på VG1. Det er første gong me køyrer opplegget for fleire klassar samtidig, fortel kristendomslærar Torunn Kringlebotten, og skryt over engasjementet, kunnskapane og evna til formidling hjå presten som er på besøk.
Hjemdal fortel at dei har god erfaring med opplegget på barneskulane i Etne, og i kyrkjelydane i Skånevik og Etne.
– Ein får med seg rørslene og får på denne måten ei god oversikt over bibelhistoria. Målet er å formidla at det er mykje spennande i Bibelen, og at ein tek Gud og menneske på alvor, seier han.
- Prest Per Hjemdal tok elevane med på ei reise gjennom Bibelen. Foto: Anne Karine Stautland




