Blir utfordra i bibelgruppa
– Bibelgruppa er eit lite avbrekk i veka. Her kan me snakka i lag om tru og trusliv, og det me elles måtte tenka på.
Det fortel Oline M. Hemnes, Selma Løge og Sarah Helgøy, alle elevar på VG1 dette skuleåret. Annakvar måndag er dei i bibelgruppe heime hos miljøarbeidar Malene.
Dette skuleåret deltar rundt 140 elevar i frivillige bibelgrupper. Det tilsvarar ca 75 prosent av elevflokken.
– Ein typisk bibelgruppekveld startar med litt mat eller snacks, og god prat. Vår gruppe følgjer ei bok som heiter «Ferdig prestert». Me tek også opp eit tema kvar gong, som me er med og bestemmer, forklarer Oline.
Ho synest det er fint og givande å gå i bibelgruppe. Selma er einig: – Det gir oss noko, absolutt. Her deler me erfaringar og tankar. Det er trygt, og me kan vera opne om det tenker på.
Får nye perspektiv

Sarah, Selma og Oline trivst i bibelgruppe. Dei meiner det er sunt å få innblikk i korleis andre tenker om ulike spørsmål (Foto: Helge J. Stautland)
Ei anna viktig side ved bibelgruppene, er at ein får innblikk i korleis andre tenker. Det synest Sarah er fint:
– Det er bra å få innblikk i andre sine perspektiv. Det går an å meina ulikt. Me ser forskjellig på ting, men det blir ikkje krangling av den grunn, seier Sarah.
– Det er viktig å bli prøvd og utfordra på kva ein meiner, og kvifor ein meiner det. Då blir me betre på å forsvare kvifor me trur på det me gjer, legg Selma til.
Dei tre er einige om at ei bibelgruppe blir bra dersom mange deler og bidrar. Alle har eit ansvar dersom ein skal få noko ut av det.
Gode tilbakemeldingar
I år er det til saman 20 bibelgrupper i sving på Lundeneset. Dei som går i VG1 og VG2 har bibelgruppeleiarar frå personalet eller andre i nærområdet til Lundeneset. VG3–elevane styrer seg sjølv, og har grupper utan leiarar.
Daniel Elias Fredly er informasjonsmedarbeidar på Lundeneset, men har også hatt noko av ansvaret for bibelgruppene. Han kan fortelja om mange gode tilbakemeldingar frå elevane.
– Mange synest det er godt å koma seg litt vekk frå området, og inn i stova til nokon i personalet. Andre seier dei er glade for bibelgruppene og generelt det gode kristne fritidstilbodet me har. Slik eg oppfattar det, går det bra med gruppene og samlingane, og det er veldig gledelege tilbakemeldingar å få, seier Daniel Elias.