Geir Ivesdal ser fram til å servera ungdommane på Lundeneset framover. (Foto: Kees A. Z. Fjellvang)

– No er det elevane som er gjestene mine

Same dag som Geir Ivesdal fekk beskjed om at kafeen han har drive i over 20 år måtte ut på anbod, fekk han tilbod om jobb som kjøken- og reinhaldsleiar på Lundeneset.

 Det kokte i hovudet mitt då eg køyrde heim frå Tysværtunet den ettermiddagen i vinter. Etter å ha drive kafé i dette bygget i over 20 år, kom det som ei stor overrasking at kommunen sa opp leigeavtalen og ville ha kafédrifta ut på anbod. Eg kunne sjølvsagt levert anbod eg også, men då Gustav ringte meg same ettermiddagen med tilbod om jobb, visste eg at det var det eg skulle seia ja til, seier Geir Ivesdal (49). Han og Gustav L. Fosse (rektor på Lundeneset) har hatt kontakt over fleire år, men sistnemnde visste ikkje om beskjeden Geir hadde fått tidlegare på dagen.

– Det var heilt tilfeldig, men meant to be. Eller eit bønesvar, seier Geir.

Geir Ivesdal ser fram til å servera ungdommane på Lundeneset framover. (Foto: Kees A. Z. Fjellvang)

Lagleiar

Geir er busett i Ølensvåg, er gift og har tre vaksne ungar. Bestefar har han også blitt.

For mange av ungdommane er Geir ein kjend person, ettersom han har vore lagleiar på juniorlaget Lundeneset G19 i fleire år. Denne sesongen består dette laget av spelarar med tilknyting til Ølen og Lundeneset.

– Det har vore kjekt å vera med Ole Arne og leia laget, derfor har eg halde fram med det. Fotballgutane visse godt kven eg var då eg begynte på Lundeneset, fortel Geir.

Sunn og god mat

Sjølv om han har bak seg ei lang yrkeskarriere og mykje erfaring innan matbransjen, er det mykje nytt å setja seg inn i på Lundeneset. Han skal jo ikkje berre laga mat, men også ha det overordna ansvaret for kjøken og reinhald.

– Akkurat denne biten er litt skummel no i starten, men eg skal nok koma inn i det. For tida får me god hjelp utanfrå av Fikse Renhold. Eg trur dessutan det er ein god ting å dela opp matlaging og reinhald i større grad.

 Blir det endringar på kjøkenet, med Geir som leiar?

– Eg ønsker å vera med og laga god og sunn mat. Så har eg eit ønske om å laga meir mat frå botnen av. Samtidig har eg allereie no lært at dette er ein travel arbeidsplass, og at det av den grunn kanskje ikkje alltid er tid til det. Men me får begynna i det små. Gunhild, som eg overtok etter, har lagt eit godt grunnlag.

Den nye kokken er oppteken av at det er elevane på skulen som er «gjestene».

– Ungdommane må vera fornøgde, det er viktig. Me må ha god kommunikasjon med desse. Så ønsker eg å medverke til at det er eit godt miljø på kjøkenet, avsluttar Geir Ivesdal.

Foto: Kees A. Z. Fjellvang