Nettvett i praksis
– Kva er digital mobbing for noko? Rebekka Lillemo snakkar til VG2-elevar, spreidde utover møtesalen med koronavenleg avstand. I dag står sunt nettvett på dagsorden på Lundeneset.
– Digital mobbing kan vera mykje forskjellig. Det er å skriva stygge ting anonymt, til dømes i ein story på sosiale medium med anonym brukar. Det kan vera å spreia usanne rykte på Snapchat. Slike ting er ikkje greitt, og det er heller ikkje lov, understreka Lillemo. – Men mobbing er ikkje berre det å skriva stygge ting til andre. Det kan også vera å ikkje lika eit bilete, ikkje invitera dei med i ei gruppe, eller med på arrangement når noko skjer, heldt ho fram.
Politibetjenten i Etne og Vindafjord gav også tydeleg beskjed om korleis ein skal stilla seg til truslar på internett: – Sei først og fremst i frå til ein vaksen dersom du blir utsett for truslar. For å koma med truslar er ulovleg. Ikkje svar på dei, avslutt samtalen. Elles veks dette å blir endå større.
I løpet av den timelange økta i møtesalen rakk Lillemo også å setja fokus på utfordringar knytt til deling av nakenbilete. Gjennom korte filmsnuttar og korte spørjeundersøkingar blei fleire problemstillingar belyst.
– Heilt enkelt: Det er ulovleg å ha eller dela nakenbilete. Og nakenbilete kan også vera personar som «berre» viser undertøy, understreka Lillemo. – Det er heller ikkje lovleg å dela vidare sjølv om du har fått det av andre. Nakenbilete av personar under 18 år er i lovverket i same kategori som barneporno. Mange ungdommar veit ikkje at dei gjer noko ulovleg når dei oppbevarer eller deler nakenbilete. Derfor er det viktig at flest mogleg er klar over regelverket.
Det kom også fram at det er ikkje slik at dei fleste tenåringar sender eller har sendt nakenbilete. – I fjor var dette talet 12 prosent, så det er ikkje slik at alle gjer dette. Men 12 prosent er heller ikkje lite. Reint statistisk gjeld dette med andre ord over 20 av ungdommane på Lundeneset, illustrerte Lillemo.
– Det er viktig at du snakkar med ein vaksen dersom du opplever at andre deler bilete av deg ulovleg. Snakk med helsesjukepleiar, ein lærar du stolar på, gå til politiet. Og dersom du veit om at andre deler nakenbilete, eller blir utsette for det: Ver ein god ven og fortel det til ein vaksen. Det er noko av det modigaste du kan gjera som ven.
Til slutt gav Lillemo tips knytt til personvern og dating-appar: – Hugs å ikkje gi personleg informasjon, og avtal gjerne å møta kvarandre der det er andre folk. Og så kan det i tillegg vera lurt å fortelja til nokon andre at du skal møta nokon.