Både ungdommar og vaksne deltok i årets misjonsløp på Lundeneset. Her rundar Daniel Voster nok ein runde. Til saman kom det inn over 800.000 kroner. (Foto: Kees Andre Z. Fjellvang)

Mosjon for misjonen gav 800.000

— Me er veldig godt nøgde med årets løp. Folk viste eit sterkt pågangsmot.

Dette seier prosjektsansvarleg i årets russestyre, Sander Johan Gilje.

Misjonsløpet har blitt ein årleg tradisjon på Lundeneset. Ein flott ettermiddag i oktober samla mellom 150 og 160 deltakarar inn svimlande 828.432 kroner til russen sitt innsamlingsprosjekt i Indonesia.

Her kan du sjå film frå årets misjonsløp (saka held fram under filmen).

(Fotograf: Kees A. Z. Fjellvang)

For å delta i misjonsløp, treng du sponsorar. Du blir sponsa anten per runde, eller som eit fastbeløp. Deltakarane spring så ei løype på i overkant av 800 meter.

Dei som sprang mest, klarte over 30 rundar av løypa på Lundeneset sitt området.

— Det var kjekt å springa runde på runde, og framleis sjå at folk haldt humøret oppe, seier Gilje.

Pengane som elevar og støttespelarar har samla inn, går til Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) sitt arbeid i Indonesia.

— Konkret går pengane til helse og utdanning, samfunnsbygging, barne- og ungdomsarbeid og kristent arbeid i Indonesia, avsluttar prosjektsjefen.