Mosjon for misjon
Med sponsorar for hundretusenar i ryggen var det ingenting å seie på motivasjonen til å fullføre flest mogleg rundar i misjonsløpet til Lundenesrussen.
Éin runde er 600 meter. Skaff sponsorar som støttar deg med rundebeløp eller fastbeløp. Spring så langt og lenge du maktar. Det er framgangsmåten når det er misjonsløp på Lundeneset.
I år går pengane russen samlar inn til ulike prosjekt i Aust-Afrika. Innsamlingsbeløpet er ikkje klart, men ryktene seier det kjem til å bli mykje i år også. Summen blir offentleggjort seinare i oktober.
Alle foto: Martha Andrea Granberg