Lundeneset sine miljøarbeidarar skuleåret 20-21: Hennie Marthea og Magnar. (Foto: Mari H. Sunde)

Miljøforkjemparane

Hennie Marthea og Magnar gjer opp status når skuleåret nærmar seg slutten: Å vera miljøarbeidarar har vore både givande og utfordrande i koronaåret 20/21.

Av Helge Johan Stautland

Dei hadde nok tenkt seg færre restriksjonar og meir handlingsrom då dei i fjor takka ja til miljøarbeidar-utfordringa til Lundeneset dette skuleåret. Men oppgåva tok dei likevel på strak arm, og når dei oppsummerer, kan dei sjå tilbake på eit innhaldsrikt år i teneste for eit godt skulemiljø.

Lundeneset sine miljøarbeidarar skuleåret 20-21: Hennie Marthea og Magnar. (Foto: Mari H. Sunde)

― Denne jobben gjer at me får møta mange kjekke folk. Og me har fått mange gode opplevingar saman, seier Hennie Marthea Johansen frå Halsnøy og Magnar Grødem frå Nærbø. ― Det er mykje kaffi og kos i kvardagen vår. Og brettspel. I tillegg til aktivitetar som tur, ski og bading.

Kohortar, avgrensing av sosial kontakt, og periodevis stengte fritidsfasilitetar, gjer at ein må tenka kreativt som miljøarbeidar. Det er heldigvis noko som går an å gjera, sjølv under ein pandemi.

― Me har til dømes hatt snapchat-race, fiskekonkurranse, sjakkturnering og mange fine turar i godt lag. Me er glade for at vêret i periodar har vore bra, slik at ein har kunna vore ute, seier miljøarbeidarduoen.

Magnar og Hennie Marthea er tidlegare elevar på Lundeneset, dei var begge russ 2019. Sist skuleår gjekk Magnar på Fjellheim bibelskule i Tromsø, medan Hennie Martha gjekk på Sagavoll folkehøgskule i Telemark. Neste år er litt i det blå for Magnar sin del, medan Hennie Marthea har planen klar: ― Då blir det for Forsvaret, seier ho.

Miljøarbeidarane har to ønske for dei siste månadene på Lundeneset:

― At me får godt vêr, slik at me kan vera ute, og at Erna gir oss endå litt meir handlingsrom!