IMG_0380

Med tillit som beredskap

— Den personen som kan bety ein stor forskjell for nokon, kan vera deg.

Henning Aarekol har merksemda frå heile møtesalen når han snakkar om beredskap i kvardagen. For beredskap er meir enn vanndunken og dei ekstra tørrvarene du måtte ha i kjellarboden om det skulle oppstå ei krise.

— Tillit er nemleg også beredskap. Ver ein person som andre kan ha tillit til. Det handlar om kvardagen, dei små og enkle tinga. Du treng ikkje vera nede i din mørkaste dal for å trenga folk du kan ha tillit til.

Henning Aarekol er blant anna sjukepleiar og ambulansearbeidar, og held gjerne føredrag om kva relasjonar betyr for folk i kvardagen. Gjennom arbeidet sitt har han erfart kva som er viktig for å handtera kritiske situasjonar og skapa tillit mellom menneske.

Han understrerka viktigheita av å ha tru på seg sjølv, og tru på at folk vil deg vel. Når du har folk med ulike kvalitetar i livet ditt, har du eit lite skjold når krisa skjer eller du får deg ein større eller mindre trøkk. Og så kan ein vera ein slik person for andre.

— Me må aldri slutta å tru at me kan gjera ein forskjell. Eg gjer ein forskjell kvar einaste dag. Bestem deg for at du skal det, gjer hyggelege ting mot andre kvar dag, sa Henning Aarekol.