Mange vil til Lundeneset neste skuleår
Det totale søkartalet er litt lågare enn fjoråret. Til VG1 er det registrert 137 søkarar som har skulen som førsteprioritet.
Førsteopptaket er no i gang, men du kan framleis søka! Les meir til slutt i artikkelen.
Når det gjeld alle trinna samla, har 333 ungdommar søkt skuleplass på Lundeneset, anten som første, andre eller tredjeprioritet. Førsteprioritetssøkarar til neste skuleår utgjer 274. Talet på førstegongssøkarar i fjor var 300.
Undervisningsleiar Arlene Pedersen har ansvar for opptak. Ho seier det er færre søkarar som har søkt andre utdanningsprogram på andre- eller tredjeplass i år: — Det kan tyda på at fleire på førehand har bestemt seg for kva utdanningsprogram dei ønsker seg inn på, seier ho.
Flest til studiespesialisering
Det er framleis VG1 studiespesialisering som flest ungdommar søker seg til, sjølv om talet her har gått noko ned sidan i fjor. Totalt er det 70 førsteprioritetssøkarar til dette utdanningsprogrammet. Det er litt meir enn dobbelt så mange som det er studieplass til. På same tid i fjor hadde studiespesialisering 97 søkarar.
Tala for VG1 yrkesfag ser slik ut: 43 elevar har søkt sal, service og reiseliv, medan 24 elevar ønsker seg plass på IT og medieproduksjon. Desse klassane har 18 plassar kvar.
Påbygg, som har 30 plassar, har 40 søkarar
Framleis mogleg å søka
— Det er framleis mogleg å søkja skuleplass for komande skuleår, for når skulen får inn alle svara frå føresteinntaket, vil det bli sendt ut nye inntaksbrev til søkarar på venteliste og eventuelle nye søkarar. Opptaket utover våren er fortløpande, forklarer Pedersen.
Måndag etter vinterferien starta utsending av svarbrev til søkarane. Alle som har søkt innan fristen kan forventa å få svar før 21. mars. Nokre vil få tilbod om plass, medan andre hamnar på venteliste. Svarfristen er sett til 1. april.
