Foto: Oscar Nicolai Røksund

Mange ordrar for unge designerar

Av Oscar Nicolai Røksund, VG2 medieproduksjon

Mattias Roaldsnes er PR-ansvarleg i Multimedia UB. Det vil seia at han lagar logoen og har ansvar for det meste dei legg ut på sosiale medium.

– Kva gjer bedrifta du er med i?

– Vi har designa kalendrar som vi skal selja, og i tillegg til det gjer vi oppdrag for folk. No for tida lagar vi ein del reklamevideoar for bedrifter, svarar Mattias.

Ungdomsbedrift er eit bedriftsprogram på vidaregåande. Det er elevane som driv bedrifta, ved hjelp av mentor, lærarane og kvarandre. Ei ungdomsbedrift kan drivast aleine eller med fleire. Kva dei lager og sel er heilt opp til dei. Å drive med ungdomsbedrift blir sett på som ein god måte å få erfaring med bedrift, og elevane får sjølv overskotet av det dei tener.

– I vår bedrift går det ganske bra for tida. Me har selt ein del kalendrar, har framleis nokre igjen, og har andre oppdrag som vi også held på med, seier Mattias, som har mange gode erfaringar med å jobba i UB.

Konkurransar og messer
Skuleåret 2018/2019 er det seks ungdomsbedrifter på Lundeneset: Bollene UB, Knittd UB, Multitekstil UB, Multimedia UB , Tacoloff UB og Påtrykk UB.

I mars skal ungdomsbedriftene på Lundeneset delta i ein konkurranse arrangert av Ungt Entreprenørskap. Då møter dei mange andre UB-ar frå andre skular. Dei konkurrerer i 17 forskjellige konkurransar. Dei som vinn dette går vidare til NM på Lillestrøm.

I VG2 medieproduksjon har journalistikk og det å skriva for nett og avis vore på timeplanen i rundt ein månad. Då har dei jobba med ungdomssider i Grannar, i tillegg til å levera oppdateringar til skulen si eiga nettside. Denne artikkelen om ungdombedrifter har Oscar Nicolai Røksund skrive.