LVS Premier League 2015 i mål

LVS Premier League er eit fritidstilbod der det aller meste dreiar seg om fotball. Laga tek utgongspunkt i dei ulike klassane på skulen, samt personalet. Laga kan så kjøpa og selga spelarar gjennom sesongen, og ein tredjeklassing kan såleis enda opp med å spela på eit førsteklasselag. Og elevar kan enda opp med å spela på personalet sitt lag.

Tysdag kveld vart det spela dobbelrunde for å markera avslutninga av sesongen. Serien utvikla seg til å bli eit såkalla rotterace mellom to lag. Manchester City, som personalet er sterkt involvert i, måtte vinna begge kampane sine denne kvelden dersom dei skulle sikra seriemeisterskapen. Dei havna under 1-0 i siste kamp, og støtteapparatet hadde allereie byrja å førebu seg på eit smerteleg tap, då dei ute på bana snudde det heile rundt. Til slutt vann dei 5-1, og kunne, til alle andre si fortviling, feira siger i LVS Premier League. Skuldingar om å vera eit kjøpelag vart bryskt avvist av kasserar Torodd F. Ottestad.

Det er russen som arrangerer fotballturneringa. Som det meste av det russen driv med, har arrangemetet to mål: Å skapa god stemning på skulen, og å få inn pengar til misjonsprosjektet. Maria Sørskår var økonomisjef for turneringa, og forklarar korleis det heile fungerer på pengefronten: – Me har vår eigen valuta, PLK. For å stille med lag, må dei som vil vera med betala avgift for kvar spelar for kvar kamp. Dersom laget treng meir PLK, kan dei få det ved å betale pengar til misjonsprosjektet. 20 kroner gir 1000 PLK, fortel Maria. Kor mykje dei har fått inn dette året, vil ho ikkje avsløra ennå, det skal blir gjort offentleg på banketten andre veka i februar. – Å vera med på å arrangera slike ting som dette, er veldig triveleg, fortset Maria.. – Det er sjølvsagt ein del arbeid, men i det store og det heile er det kjempekjekt.

Publisert av
Kåre Vignes 2016-02-02 12:44:10

Merker
2020-2021
,
Skolestart
Del denne siden