Foto: Helge Johan Stautland

Lundenesets besserwisserar

Årets besserwisserar på Lundeneset er: Live Pundsnes, Sondre Guggedal og Svanhild Frette, alle elevar i VG3.

Bezzerwizzer er eit kunnskapsspel der det å bevisa at ein veit svaret utanom tur er ein sentral del av konseptet. På Lundeneset tok ein omgang av spelet mellom to og tre timar.

Til saman 48 elevar fordelt på 16 lag deltok i turneringa på Lundeneset som gjekk over to kveldar like etter vinterferien. Det var utgjevarane av spelet som først tok initiativ til kåringa av skulens Bezzerwizzer, og premiane var sjølvsagt kvart sitt spel til deltakarane på vinnarlaget. Alt i alt deltok 40 skular, men skulane har ikkje kjempa mot kvarandre.

Her er bilete frå spennande spelekveldar! (Foto: Arna Eggebø)