Løyser verdsproblem med innovasjon
Dersom mange tenker, så må det dukka opp gode idear. Kanskje mange gode idear. Det er i alle fall målet når Lundeneset droppar den vanlege timeplanen og steller i stand innovasjonscamp.
Veka starta med kick-off for alle grupper. Då var Tom Sjøen frå Ungt Entreprenørskap Rogaland spesielt invitert til å sparka det heile i gang, spreia inspirasjon og innovasjonsiver.
Samarbeid på tvers

Julian, Jørgen, Camilla og Lidia er allereie godt i gang med planlegging og presentasjon av sin ide.
Tysdag er alle dei 44 gruppene godt i gang med å utvikla sine idear og produkt. Rundt om på borda i klasseromma er det god stemning og positiv vilje til å dela idear og tankar. Alle på gruppa deler idear, og i startfasen skal ingen idear forkastast. Vidare må gruppene skaffa seg kunnskap om problemet dei har valt, og gjerne kombinera idear og laga nye.
Ei av gruppene består av Lidia Stene, Camilla Skartveit, Jørgen Vik og Julian Rosså. Me skal ikkje røpa kva idear dei jobbar med, men samtalen om konseptet deira går friskt rundt arbeidsbordet i klasserommet.
– Dette er kjekt å vera med på, det blir ein annan skulekvardag. Og når me jobbar på tvers av klassar, får me jobba med folk me vanlegvis ikkje jobbar med. Det er positivt, synest Lidia. Ho og Camilla går studiespesialisering, VG2, og er på gruppe med Jørgen og Julian som frå VG2 medieproduksjon.
Også Julian synest det er fint å gjera noko anna: – Mindre vanlege innleveringar, sidan me ikkje har vanlege fag. Det er fint, seier han.
Camilla synest det er spennande å få prøva seg som innovatørar. – Når me går på studiespesialisering, har me ikkje ungdomsbedrift slik som yrkesfagklassane har. Derfor er det gøy at me også kan få ein lita kjensle av kva dette er, seier ho.
Som elev på yrkesfag har Jørgen ungdomsbedrift (UB) kvar måndag. Han meiner innovasjonscamp skil seg ut frå UB-arbeid spesielt på eitt område: – Her er det få avgrensingar, for me skal ikkje laga og selja produktet. Me tenker på og utforskar idear som me aldri ville ha kome på som ungdomsbedrift, seier han.
Næringslivet lyttar
Det er Ungt Entreprenørskap (UE) Rogaland og olje- og energiselskapet Vår Energi som står bak konseptet Vår Energi Challenge – innovasjonscamp 2024.
I år har arrangørane plukka ut åtte berekraftsmål som dei ser på som spesielt viktige: God helse og livskvalitet, likestilling mellom kjønn, rein energi til alle, anstendig arbeid og økonomisk vekst, mindre ulikskap, stoppa klimaendringane, livet i havet, og fred, rettferd og velfungerande institusjonar.
Oppgåva til elevane går ut på å velja eitt av desse måla, og utarbeide ei løysing til produkt eller idé som løyser eit problem og skaper verdi for nokon. Løysinga kan vera eit produkt eller ei teneste.
Mot slutten av veka skal ideane presenterast for eit panel frå næringslivet. Dei beste bidraga går vidare til finale i Stavanger seinare i vinter.
Innimellom idéskaping og gruppearbeid har elevane fellesopplegg og føredrag i møtesalen. På programmet står blant anna føredrag med DeBoss – ei verksemd som trener kråkefuglar til å rydda i småsøppel på eige initiativ, og Benjamin Nordhagen, dagleg leiar i Portal Norge.
[ngg src=»galleries» ids=»42″ display=»basic_thumbnail» thumbnail_crop=»0″]