IMG_0033

Livsviktig livsmeistring

Folkehelse og livsmeistring er eitt av dei tverrfaglege temaa i læreplanverket frå 2020. Dette skuleåret har elevane tematimar nesten kvar måndag, der me prøver å setja fokus på blant anna det.

– Lundeneset vidaregåande skule er ekstra viktig for oss i Haugaland brann og redning. Kan nokon tenka seg kvifor, spør branningeniør Sigbjørn Toskedal. Han står på scenen i møtesalen ein måndag før middag, og har merksemda frå alle elevane ved skulen.

– Det er fordi me er så mange som bur på ein plass, kjem det frå salen.

– Heilt rett, responderer Toskedal.

[ngg src=»galleries» ids=»37″ display=»basic_slideshow»]

Han held fram med å understreka viktigheita av å heile tida tenka margin:

– Kva er margin for noko? Det handlar om å unngå uforsiktige snarvegar av typen «skal berre…». Og om å gi seg sjølv handlingsrom i det ein set seg føre å gjera. Dette kan førebyggje uønskte situasjonar. Hugs at det i mange situasjonar er kort veg frå den kvardagslege aktiviteten ein held på med, til den dramatiske ulukka, oppfordrar Toskedal.

Han undra også på om tilhøyrarane visste kva som er det farlegaste som skjer i Noreg i dag?

– På ein god andreplass kjem trafikkulukker, så kjem ulukker ved sjø. På fjerdeplass kjem brannulukker. Men det aller farlegaste, reint statistisk, er å detta.

Toskedal kom også inn på kva slags reaksjonar som ofte oppstår i samband med ulukker:

– Her snakkar me ofte om dei tre F-ane: Fight, freeze og flee. Og alle tre F-ane kan vera til stades på ein stad. Men hugs dette: Dei aller fleste menneske vil kunne bidra positivt dersom dei kjem borti ei ulukke. Derfor er kunnskap og øving viktig, det legg til rette for at fleire menneske kan hjelpa til når det trengst, sa branningeniøren.