IMG_3101

Livet etter Lundeneset

– Me kjem til å sakna Lundeneset, men det skal bli godt å bli ferdig med skule for ei stund, seier Marte Nygård, Johannes Brennsæter, Benjamin Landro, Kristoffer Ivesdal og Inger Johanne Solheim.

På spørsmål om kva dei har sett mest pris på i løpet av Lundenes-tida, er svara drøsen i matsalen, aktivitetane, og lovsangsteamet. Og alle folka, sjølvsagt. Det blir rart å ikkje sjå treffast dagleg slik dei har gjort i tre år.

– Etter Lundeneset ser eg fram til å kunna bestemma litt meir sjølv. Litt meir fridom over eige liv, seier Johannes. Dei andre er samde. For Benjamin og Kristoffer blir overgangen ekstra stor, det blir første gong dei flyttar vekk frå Ølensvåg.

Sjølv om dei er passeleg skuleleie no, gler dei seg til å ta fatt på studia om litt. Men ingen av dei fem har tenkt å byrja på det med det første. Her er planane deira for 2020/21:

  • Marte: Fjellhaug og Teft. Skal etter planen til Indonesia i oktober.
  • Johannes: Fjellheim bibelskule, saman med tre andre frå Lundeneset.
  • Benjamin: Jobba eit halvt år, deretter førstegongsteneste i Sør-Varanger.
  • Kristoffer: Bildøy og KRIK-linja
  • Inger Johanne: Helgeland folkehøgskule

På grunn av den spesielle våren, blir det ikkje tradisjonell skuleavslutning på Lundeneset i år. For VG3-elevane blir det likevel ei markering av at tre skuleår er til ende førstkomande fredag.