IMG_1901

Langt heimefrå! Men ikkje åleine

– Det var litt tilfeldig at eg skulle hamna på Lundeneset. Eg googla «Norges beste kristne internatskule», og då dukka Lundeneset opp øvst på trefflista, seier Faith Simae Tvenning. Ho legg til at ho i tillegg fekk anbefalt skulen av andre.

Faith, Regine Halsos og Sara Klarise Melkersen har alle flytta frå Nordland for å gå på internatskule i Ølensvåg. Det har også Kristin Mørch, men ho var ikkje tilstade då dei tre andre blei intervjua.

– Eg har to søstre som har gått her, derfor hamna eg her. Dei anbefalte Lundeneset sterkt, fortel Regine Halsos frå Halsa i Nordland. No går ho  VG1 studiespesialisering.

Internat viktig
Sara og Faith kjem frå Ørnes, rundt ein time frå heimstaden til Regine. Dei gjekk på samme ungdomsskule, og det var Faith som overbeviste Sara om Lundeneset då dei begge fekk tilbod om skuleplass sommaren 2018. No er dei VG2-elevar, Faith studiespesialisering og Sara på medieproduksjon.

– Noko av det som betydde mest var at det var internat på skulen, seier Sara. Ho vedgår at ho lengta ein del heim i fjor, men valde likevel å halde fram skulegangen i VG2. – Eg har ofte kontakt med dei heime, nesten kvar dag, seier Sara.

Faith er einig i at internatbiten er viktig: – For meg var det ikkje aktuelt å byrja på vidaregåande heime eller å flytta langt vekk på hybel. Derfor blei det internat. Det er i tillegg ein slags tradisjon på morsida i familien å gå på internatskule, seier Faith, som flytta til Noreg frå Kenya for nokre år sidan.

Heim i feriane
Alle trivst godt på Lundeneset, sjølv om det ikkje let seg gjera å reisa heim annankvar helg, slik mange andre Lundenes-elevar kan. For dei tre jentene er det som regel dei store feriane som er aktuelle for heimreis.

– Det er litt rart å ikkje kunne reisa heim når som helst. Den første veka på Lundeneset var tøff, men no byrjar eg å bli vand med det, seier Regine.

Faith fortel at ho ikkje er av typen som lengtar heim med det første.

– I starten av første klasse snakka eg nok med dei heime kvar dag. No er det kanskje ikkje meir enn ein gong i veka, seier ho.