Foto: Anna Silgjerd Monstad

LAN-party som skuleprosjekt

― LundeLAN var ein gamingevent for elevar på Lundeneset, arrangert av elevane i 1IM. Desse elevane har hatt arrangementet som skuleprosjekt i mai, dei har planlagt og førebudd, og hatt ansvar for heile gjennomføringa sjølv. Det er også elevane som har sett opp det lokale nettverket som blei brukt under LAN-et, opplyser John Martin Næss, IKT-ansvarleg og faglærar.

Elevane har også laga logo, reklamefilm og plakatar.

― Det blei også gjort sanntidsproduksjon på arrangementet, dette krevde også god planlegging og gjennomtenkt rigging, held Næss fram.

Arrangementet hadde 50-60 deltakarar frå Lundeneset. På LAN-et kunne deltakarane delta på ulike konkurransar. Det var også eigne områder for brettspel, bordtennis og VR. Også hadde dei kiosk med essensielle gamingvarer.

Sjå bilete frå kvelden/natta!

(Alle foto: Anna Silgjerd Monstad)

 

[ngg src=»galleries» ids=»9″ display=»basic_thumbnail» thumbnail_crop=»0″]