Lundeneset VGS er en kristen friskole med offentlig godkjenning og eksamensrett for inntil 298 elever. Vi har ca 180 elever, og flesteparten av disse bor i internatet. Skolen eies av Misjonssambandet (NLM).
Skolen tilbyr utdanningsprogramma Studiespesialisering, Salg, service og reiseliv, IT og medieproduksjon og Påbygging til generell studiekompetanse.
Skolen ligger i Vindafjord kommune, ca. 45 km øst for Haugesund.
Lundeneset er en del av Misjonssambandet skoler, og er medlem i Kristne Friskoler Forbund (KFF).
Lundeneset VGS AS
Lundanesvegen 37
5582 ØLENSVÅG
I slutten av november reiste medieklassane på VG1 og VG2 på dagstur til Stavanger.
2ME hadde i godt over ein månad førebudd opptak av game-showet ”Jakten på spørsmålet”, og no skulle dei få prøva seg på fleirkameraproduksjon i studioet til mediestudentane ved Universitetet i Stavanger.
Godt forarbeid
Medielærar Kees A. Fjellvang, som sjølv har vore mediestudent ved UiS, fortel at klassen hadde gjort eit grundig forarbeid.
– Etter at elevane hadde bestemt seg for kva type program dei ville laga, såg vi på nokre eksempel. Elevane gjekk så i grupper og utvikla forskjellige idear, og klassen vart delt inn i roller både for forarbeid og under sjølve produksjonen, seier Fjellvang. Han fortel at elevane blant anna utvikla både logo, grafisk profil, vignett, ulike innslag, manus og script.
Hektisk arbeidsdag
Og medan 2ME hadde generalprøve på sendinga, fekk 1ME prøva seg i Stavanger Aftenblad sitt interaktive spel, Dedline, der dei får innblikk i journalistane sin kvardag. Målet er å gjera elevane bevisste på medias rolle som den 4. statsmakt og det samfunnsoppdraget media har når det gjeld å informera og skapa debatt.
– Veldig kjekt, men også sjukt stress, var kommentaren frå fleire av førsteklassingane medan dei intervjua, prøvde å sortera fakta frå rykte og tok seg av tips som kom inn til desken. Som journalistar måtte dei òg velja titlar, tekstar og bilete til publisering av saker både på nett og papir.
Etter besøket hjå Deadline, gjekk turen vidare til UiS og 2. klassingane sitt tv-show. Og medan nokre av førsteklassingane fekk vera deltakarar og konkurrera mot kvarandre i gameshowet, fekk resten delta som publikum.
Takk til UiS for lån av studio og utstyr, og til mediestudentane for god hjelp!
Foto: Kees A. Fjellvang og Anne Karine Stautland