– Låg terskel for testing
– Me følgjer situasjonen tett, og har god dialog med kommuneleiinga og kommuneoverlege. Dei har vore tydelege på at det ikkje har vore aktuelt med ekstra tiltak mot Lundeneset. Me har derfor kunna halda fram på gult nivå, sjølv om grunnskulane i kommunen ei tid var på raudt nivå, opplyser rektor Gustav Løge Fosse.
Lokalavisa Grannar meldte siste veke at kommunen har hardt smittetrykk akkurat no, men det blir jobba på spreng med smittesporing. Kommuneoverlege Terje Kleiven seier til avisa mandag (23.11.) at smittetoppen kanskje no er nådd.
Som følgje av den lokale og nasjonale situasjonen, har Lundeneset hatt ekstra fokus på at smittereglar skal følgjast. Visse innskjerpingar er også utført.
– Me har blant anna innført ekstra tilsyn med måltida, elevane sit på faste plassar, og talet på deltakarar på sosiale arrangement er redusert.

I matsalen er det faste plassar for elevane. I heile haust har det berre vore halvparten så mange stolar som det vanlegvis er.
Fosse beskriv situasjonen som krevjande.
– Me gler oss likevel over at me får halda skulen i gang. Trass situasjonen er det mykje me kan gjera med god avstand til kvarandre. Me har god plass ute og fin natur som me kan bruka til rekreasjon, tur og trening. Og så er det viktig at me tek vare på kvarandre i desse dagar, avsluttar Fosse.