Tor Edvard Røysland trivst som IKT-lærling på Lundeneset. Foto: Anne Karine Stautland

I lære på lvs

– Eg er ikkje så glad i teoretisk skulestoff, men liker betre det praktiske, seier Tor Edvard om kvifor han ville bli lærling. Etter å ha teke VG1 elektrofag på Dalane vgs og VG2 IKT på KVS Lyngdal, byrja han i august som IKT-lærling på Lundeneset. Han fortel at han er interessert i det meste som har med pc å gjera, og har mekka på pc-ar sidan han var liten.

– Kva er oppgåvene dine her på Lundeneset?
– Det går mest i support og småproblem, til dømes kan elevar og tilsette stikka innom kontoret om dei har problem med pc eller printer. I tillegg har eg ein del rutineoppgåver, seier han, og legg til at han blant anna har ansvar for å styra lyd og skjerm under skulesamlingane og torsdagsmøta. Den siste tida har det vore ekstra travle dagar når skulen har fått ny server og FEIDE-løysing.

Planane vidare er ikkje heilt klare. Kanskje blir det universitetsstudium seinare. Enn så lenge trivst han godt på Lundeneset, og koplar gjerne av med å spela eller vera sosial med elevane.
– Så du saknar ikkje skulebenken?
– Eg saknar klassemiljøet litt, men når elevane går for å ha prøve, angrar eg ikkje på valet mitt, smiler han.