Per Flatøy har sytt for kunst i hallen i det nye tilbygget (Foto: Per Ølfarnes)

Kunst på plass i nybygget

I romjula var kunstnaren sjølv, Per Flatøy, på Lundeneset og hengde opp kunstverka.

­– Kunstverka heng i tre avdelingar, og alle handlar om livet på ulike måtar, fortel Per Ølfarnes, som saman med Per Sigmund Bukkholm og Inger Elisabeth Koch har vore i komité for utsmykking av nybygget.

Han fortel at linjene er element som går att i bileta. Det første biletet du ser når du vandrar i dei nye korridorane, er deg sjølv og eit landskap. Flatøy har nemleg brukt spegl som verkemiddel i nokre av verka.

­– Det neste biletet er eit uttrykk for det sakrale, guddommelege. Her kjem treeinigheita til uttrykk. Og på veggen inn mot møtesalen, ser ein dei fire årstidene.

Les meir under biletserien

Geometri
Det er sterke fargar og geometriske former som særpregar kunsten som no er på plass på Lundeneset. Dette er ikkje rein todimensjonal kunst. Når du ser linjene, formene, spegla, blir uttrykket litt ulikt frå person til person.

– Flatøy var tydeleg på at sjølve møtesalen ikkje trong utsmykking. Salen var komplett slik han var, meinte han, med sine plater, former og vindaugsflater. Her var det ikkje plass til noko anna, og det var me samde i, seier Ølfarnes.

«Mange rom» er ei gåve frå kunstnaren til Lundeneset. (Foto: Per Ølfarnes)

I kaffikroken, tvers overfor ”Årstidene”, heng det ei gåve frå kunstnaren, to maleri som var utanom sjølve oppdraget han fekk.

– Desse maleria heiter ”Mange rom”, seier Ølfarnes, og uttrykker takksemd for gåva.

Nordisk salmereise
I neste veke, nærare bestemt onsdag 18. januar kl 19.30, skal kunsten ”avdukast”. Då får Lundeneset besøk av kunstnaren Per Flatøy og salmediktar Eyvind Skeie. Temaet for kvelden er nordisk salmereise. Då kjem også Flatøy til å snakka om prosessen med kunsten som er komen på plass på Lundeneset, og korleis han kom fram til det ferdige resultatet. Velkommen skal du vera!

– Dette var Flatøy sin idé, han kjenner til Eyvind Skeie frå tidlegare samarbeid. Denne kvelden ser me fram til, avsluttar Per Ølfarnes.