Untitled-1

Flotte studieturar

Skottland og Nord-England, Vest-Europa, Roma, Spania og Vestlandet! Fem destinasjonar som alle ventar på 180 kjekke og spente elevar frå Lundeneset.

Veka før påske reiser alle elevane på Lundeneset på studietur. Alle elevane i VG1 skal på tur på Vestlandet, medan elevar i VG2 og VG3 fordeler seg på reisemål rundt omkring i Europa.

Spania
Det har gått nokre år sidan Lundeneset sist var i Spania, men dette året er landet med blant reisemåla igjen. Gjengen som skal sjekka ut den spanske sørkysten bur i Malaga, men skal ha fleire utfluktar i området. Dei skal blant anna innom byane Frigiliana og Granada, sjå dryppsteinsgrottene i Nerja, ein tur til Caminito del Rey, og Ronda, ein av dei eldste byane i Spania. På denne turen blir det også ein dagstur til Sevilla, den fjerde største byen i Spania og hovudstaden i Andalucia. Her blir det tur til Plaza España, jødekvartalet og Real Alcázar (den mauriske borga).

Skottland og Nord-England
Dette er tredje gongen det blir arrangerert tur til Skottland. Denne gongen er også Nord-England med på programmet. Turen kjem til å hovudbasen i Edinburgh. Her er målet å få kjenna litt på den skotske bypulsen. Det er planlagt parlamentsbesøk og turar i området. Men også vegen sør til Newcastle i Nord-England skal utforskast. På vegen skal dei innom den heilage øya Lindisfarne, kjend for sete for tidleg kristendom og plyndringar i viktingtida. I Newcastle står St. James park på programmet, og dei sjå nærare på restane av Hadrian’s Wall frå romartida.

Roma
Også Roma er ein gjengangar når Lundeneset planlegg studieturar. Denne byen er på mange måtar eit levande historisk museum frå antikken til barokken, og elevane skal besøka mange viktige stader og bygningar. På programmet står blant anna sykkelsightseeing gjennom Roma med egen guide, besøk i Domitilla-katakombene, og ein tur innom verdas mest berømte amfiteater: Colosseum. Denne studieturgjengen får sjølvsagt også sett Peterskyrkja og Petersplassen, Forum Romanum, og andre kjende turistattraksjonar som spansketrappa og Pantheon.

Vest-Europa
Turen som går til Vest-Europa har også mykje interessant på programmet. I år startar turen i London, og endar opp i Brussel. Turkomiteen har lagt opp til eit spennande program, der dei både byvandringar og museumsbesøk er inkludert. I Brussel skal dei også på besøk til Norges Hus, midt i EU-kvarteret i byen. Dette er eit viktig knutepunkt for ta vare på norske interesser i Europa. I tillegg er det lagt opp til fleire frivillige aktivitetar, slik som landskamp og musikal i London, og Atomium i Brussel.

Vestlandet
For elevane i VG1 er det planlagt tur innanlands i vår, slik det har blitt gjort mange år tidlegare. Elevane i første klasse reiser først til Bergen der det blir både bedriftsbesøk, byvandring og museumsbesøk. Frå Bergen reiser dei vidare nordover til Skei i Jølster, deretter Førde. På siste dag av turen er Fjærland eitt av stoppa, der dei håpar å få eit glimt av ein av brearmane til Jostedalsbreen. Borgund stavkyrkje skal òg besøkast. Turen blir avslutta med middag på Helgatun utanfor Voss.

 

Foreldre/føresette: Les meir om turane her!

Spania

Skottland og Nord-England

Roma

Vest-Europa

Vestlandet