Knallkjekt med nye klasserom
Realfaga har fått eit solid oppsving på klasseromfronten med det nye bygget. Tidlegare måtte ein ned i kjellaren på gymbygget for å ha naturfag, kjemi og fysikk. No er nye klasserom på plass, og både elevar og lærarar tykkjer det er kjekt med ei oppgradering. Me tok ein prat med FY2-gjengen og korleis det var å få seg nytt klasserom.
Kristian Aarsvoll Bø, Knut Tokheim, Rut Malene Løvik og Simon Handeland tykkjer det er kjekt med nye klasserom. – Me slepp jo å trakka ned til gymbygget i alskens vær. I det store og det heile er det veldig kjekt med nye klasserom, fortel fysikk-folka. – Me er vel ikkje blitt heilt vande med dei nye stolane ennå, men eg tykkjer faktisk dei er ganske gode, seier ein av dei. Vedkomande vil ikkje ha navnet sitt på trykk, i redsle for represalier frå medelevar som ikkje er einige.
– Dei tinga me ikkje er heilt nøgde med, blir jo for småting å rekna når me tenkjer på korleis det var før. Alt er jo betre no, seier Rut Malene.
Det er i alt fire nye undervisningsrom i det nye tilbygget. I tillegg er det toalett og god plass i gangen.