Lundeneset VGS er en kristen friskole med offentlig godkjenning og eksamensrett for inntil 298 elever. Vi har ca 180 elever, og flesteparten av disse bor i internatet. Skolen eies av Misjonssambandet (NLM).
Skolen tilbyr utdanningsprogramma Studiespesialisering, Salg, service og reiseliv, IT og medieproduksjon og Påbygging til generell studiekompetanse.
Skolen ligger i Vindafjord kommune, ca. 45 km øst for Haugesund.
Lundeneset er en del av Misjonssambandet skoler, og er medlem i Kristne Friskoler Forbund (KFF).
Lundeneset VGS AS
Lundanesvegen 37
5582 ØLENSVÅG
– Det er alltid spesielt å vera tilbake! Tida på Lundeneset var ei utruleg viktig tid for meg. Skulen vil for alltid ha ein spesiell plass i hjartet mitt, fortel Håkon Garvo.
Han er på Lundeneset denne veka i samband med årets første møteveke.
Håkon Garvo har store forventingar til møtene:
– Gud har noko han vil seia oss, og eg håpar og ber om at me kan sitja og lytta til stemma hans. Ei slik møteveke har stor betydning, både for elevar, tilsette og skulen, seier Garvo.
På møtene tek han gjerne utgangspunkt i undergjerningane Jesus gjorde då han gjekk på jord. Han seier det hadde mykje å seia for menneska der og då, samtidig som det har noko å seia for oss i dag.
– Har du gjort noko spennande etter tida på Lundeneset?
– Ja! eg har fått lov å reisa rundt i dette flotte landet vårt og fortelja om Jesus. Det er utruleg spennande! svarar Håkon. Til dagleg arbeider forkynnaren i Finnmark Indremisjon og Indremisjonsforbundet (ImF), med forkynning for barn, unge, vaksne og eldre.
– Heilt på tampen, har du nokre gode råd til elevane våre i dag?
– Begrens dumme og teite handlingar og utsegner, for du vil hugse på det når du blir vaksen. Men hugs på det er tilgjeving frå Jesus for alle dumme teite ting du kjem til å gjera. Dessutan: Å vera inne på eige internat etter innetid er det luraste for alle, og dette har eg ikkje fått pengar for å seia, avsluttar Håkon Garvo.