– Kan snakka om det dei vil

Malene Vestbø er på Lundeneset éin dag i veka. I tillegg har ho også ansvar for grunnskulen i Ølen, Vågen og på Bjoa.

– No er eg på Lundeneset kvar onsdag, frå 8.30 til 14.30. Tilbodet er utvida noko etter jul, seier Vestbø, som bur i Ølen.

Ho legg vekt på at elevane skal kunna koma når det passar for dei. Derfor kan dei koma når det er sett av tid til drop-in, eller dei kan avtala eit tidspunkt.

– Elevane tar ofte kontakt på Snapchat. Her legg eg òg ut informasjon om helsetilbodet, seier Vestbø.

Når ho er tilgjengelig både for grunnskuleelevar og elevar på vidaregåande, møter ho ulike problemstillingar.

– Det er viktig å få fram at elevane kan koma med det dei vil, både stort og smått. Det kan vera psykiske plager, spørsmål om prevensjon, konsentrasjonsvanskar og informasjon om kosthald og ernæring. Nokre har heimlengt, andre er nedfor fordi det har blitt slutt med kjærasten, seier Vestbø.

Ho trur tilbodet er ekstra aktuelt på Lundeneset fordi mange bur langt heimefrå og ikkje har fastlege i kommunen. Men fastlege i den kommunen ein faktisk bur er noko alle burde ha, meiner Vestbø. – Det er smidig å bytta, og det er greitt å ha den dagen ein faktisk blir sjuk, seier ho.

I tillegg til tilbodet på Lundeneset, kan elevane nytta seg av helsestasjon for ungdom i Ølen, kvar tysdag ettermiddag.

Publisert av
Helge Johan Stautland 2020-01-29 13:46:03

Del denne siden