Håvard Brekkå (t.v.) og Arne Borgemyr har vore redaktørar for Lundeneset si jubileumsbok. Foto: Anne Karine Stautland

Jubilerer med ny bok

– Det har vore veldig inspirerande å arbeida med stoffet, og me ser store linjer som fyller oss med takksemd over det skulen har fått bety for svært mange, seier Håvard Brekkå og Arne Borgemyr som utgjer redaksjonen for jubileumsboka.

Festskrift
Utfordringa om å laga ei slik bok kom frå styret. Brekkå fortel at det vesle som finst av nedskriven historie om Lundeneset er i 100-årsskriftet til NLM Haugesund krins og eit hefte som vart laga då økonomibygget vart bygd.

– Boka er ikkje laga som ei fagleg historie, men her er mykje bilete, historier og møte med personar som fortel om opplevingar og erfaringar frå Lundenestida og kva skulen har betydd for dei sjølve og andre, seier dei to redaktørane som har tråla både papir- og digitalbiletearkiv i jakta etter gode blinkskot.

Brekkå omtalar boka som eit festskrift som fortel litt meir om Lundeneset enn ein klarer å gjera i festtalar.

– Her er mange historier det er kjekt å ta vare på for framtida.

Brei målgruppe
Redaktørane fortel at boka er berekna på tidlegare elevar og tilsette, skulevenner og misjonsvenner, lokale folk og eigentleg alle interesserte.

På dei 180 sidene kan ein blant anna lesa om korleis det begynte, den første rektoren, tidlege år og nyare tid, og kva det vil seia å vera ein kristen skule.

– Var det noko de ikkje fekk plass til?

– Me hadde ein idé om å ha med småklipp og sitat frå gamle Lundeneshelsingar og internatprotokollar, men tida strakk ikkje til.

Tilbakemeldingane så langt har vore positive, og dei to redaktørane fortel at dei er svært fornøgde med layout og trykk.

Bestilling
Boka er i første omgang trykt i 800 eksemplar og kostar 200 kroner, pluss eventuelt porto. Ønskjer du å bestilla jubileumsboka, kan du bestilla her: https://lvs.no/om/50-ar-i-2015/jubileumsbok/

Boka kan òg bestillast på e-post eller telefon, eller kjøpast i bokhandelen i Ølen.

Foto: Torodd F. Ottestad