IMG_0668

Innsamlingsrekord for russen

Russen har telt opp kassa og legg igjen godt over 1,9 millionar kroner før dei går ut dørene på Lundeneset for siste gong.

60 elevar, eitt skuleår med innsamling av ulikt slag: Resultat 1.929.334 kroner. På avslutningsfesten 12. juni blei summen offentleggjort, til stor jubel og applaus frå foreldre i benkeradene.

–  Filmfestival, rollebryllup, misjonsløp, og innsamlingskveldar. Dette er nokre av tinga me har gjort i år. Alle har hjelpt til. Å ha russetida på Lundeneset er ikkje som andre stader. Det einaste som skil oktober og mai er ei blå bukse, sa russepresident Emil Eggebø Hansen i sin takketale.

Russen overrekte tre sjekkar i alt:

1.660.000 kroner går til misjonsprosjektet russen har hatt i Mongolia, der dei blant anna støttar arbeid blant barn med funksjonsnedsetjingar, aktivitetar til barn og unge, arbeid i den lokale kyrkja og samfunnsutvikling.

200.000 gir dei tilbake til skulen dei fleste har hatt som heim i tre år: Lundeneset.

Vågen bedehus får 50.000. Mange i russen har vore ein del av denne forsamlinga i løpet av tida på Lundeneset.

– Eg ønsker å seie takk for all innsatsen! Takk til alle foreldre som har svart positivt på alle meldingar frå oss om sponsing. Takk for kvar einaste kroner. Og hugs, det er ikkje talet eller beløpet i seg sjølv som betyr noko, men kva Gud kan og vil bruka det til. Og i år trengte kanskje Mongolia litt ekstra pengar, sa prosjektsjef i russen, Naomi Joy Leask.

IMG_0646
IMG_0629
IMG_0636
IMG_0637
IMG_0648
IMG_0649
IMG_0668
IMG_0650
IMG_0685
IMG_0690
IMG_0692
IMG_0678
Bilder frå avslutningsfesten 2026. (Foto: Helge J. Stautland)