Har stått ved roret i 20 år
– Det største eg har fått oppleve i løpet av desse åra er når ungdom får vitne om at dei har fått eit møte med Jesus, ei trygg forankring i livet, seier Gustav Løge Fosse når han skal forsøke å summere opp kva han er glad for å ha fått oppleve i åra som rektor.
– Og så er det veldig meiningsfullt når elevar som tidlegare har vore utsett for mobbing får oppleve ei ny tid. Det er sterkt å få vere med og sjå at dei blomstrar, seier han.
Fosse meiner òg det har vore spennande å få vere med på å utvikle skulen reint fysisk med nye bygg, og trekkjer fram samarbeid og fellesskap med kollegaer som noko han set stor pris på. Han tykkjer òg det er kjekt at skulen samarbeider med lokalmiljø og næringsliv.
– Krevjande oppgåve
– Når eg ser tilbake har det vore eit lite eventyr. Det å få vere med og sjå korleis Gud arbeider imellom oss og korleis ting legg seg til rette, er stort, seier han.
Då Fosse tok til som rektor, hadde han vore lærar ved Lundeneset i ti og eit halvt år. Skulen hadde rundt 100 elevar, og Fosse hadde ikkje noko sterkt ønske om å ta over.
– Det hadde vore prosessar i skulestyret, kollegiet og på eigarsida der ein var einige om at ein hadde tru på at det var eit viktig arbeid og at ein ville satse vidare på tross av mange tunge år. Ein var godt i gang med ein god prosess og hadde blant anna gjort vedtak om å fornye Tripp Trapp, seier Fosse, som meiner det var ei veldig støtte for han at folk hadde tru på han og ville bakke han opp om han ville ta på seg den krevjande oppgåva.
– Eg må òg rette ein stor takk til kona mi Gurine. Det hadde aldri gått å vere i ei slik stilling om eg ikkje hadde støtte og oppbakking på heimebane.
Visjonær rektor
Dei første åra som rektor hadde han òg ein del undervisning. Det har det blitt mindre av med åra, og Fosse seier han saknar den daglege kontakten undervisning gir med elevane.
– Hadde du sett for deg at du skulle sitje i rektorstolen i 20 år?
– Eg har aldri sett veldig langt fram, men alltid hatt visjonar og vyar for kva ein kan få til. Og så må eg erkjenne at ting tar litt tid. Mange seier eg er ein tolmodig type, men eg har også ein del utolmod i meg.
– Kva tankar har du framover for skulen?
– Eg har leika med mange tankar og meiner personleg at om vi hadde hatt uavgrensa med midlar, er det mykje vi kunne fått til. Vi er ikkje i mål enda, og mitt første ønske no er nok å få meir oppdaterte internatrom.
– Er det noko som har vore vanskeleg i rolla som rektor?
– Når elevar og familiar opplever vanskelege dagar med sjukdom, dødsfall og sorg. Me har opplevd tøffe livssituasjonar både i elevflokken og i personalet, og det å leie oss gjennom og vere nær har vore krevjande. Det er tøft når ein står oppi slike situasjonar og skal prøve å takle det, men når me får det meir på avstand ser me òg at det er med og utviklar oss som menneske.
- Gustav Løge Fosse har vore rektor ved Lundeneset vgs i 20 år. Det blei markert med kake. Foto: Helge Johan Stautland


