Bakeglede UB tilbyr bakekurs for barn. Alt i alt står fem elevar bak denne bedrifta. (Foto: Skjermdump, Bakeglede UBs reklamefilm)

Gøy å starte eiga bedrift

— Vår ungdomsbedrift (UB) satsar i hovudsak på matlagingskurs for barn. Vi tilbyr desse kursa i lokalområdet. Men vi har også hatt nokre andre oppdrag, som til dømes å laga 300 lussekattar til flyktningane som var her i vinter, fortel Esther-Emilie.

Ekte bedrift

Både Esther-Emilie og Marcus synest det er kjekt å jobba med UB. (Foto: Helge Johan Stautland)

Både Esther-Emilie og Marcus synest det er kjekt å jobba med UB. (Foto: Helge Johan Stautland)

Bakeglede UB heiter bedrifta. Gruppa kom på ideen etter at dei fann ut at dei kunne satsa på aktivitetar for barn, eller kanskje laga bok med lette oppskrifter for barn.

— Det er gøy å starte eiga, ekte bedrift. Me er registrert i Brønnøysundregistret, og me har eit ansvar for å koma ut i pluss, forklarer Marcus. Han legg til at han synest det er ekstra verdifult å få bruka av skuletida til denne typen aktivitetar.

På matlagingskursa får deltakarane eit forkle som UB-en har produsert, i tillegg til eit lite oppskriftshefte med matrelaterte oppgåver for barn. Dei får sjølvsagt også mat, og eit kursbevis.

Her kan du sjå presentasjonsfilmen for Matglede UB.

Variert produktspekter
Dagfinn Våge er ein av lærarane på Lundeneset som gir opplæring i drift av ungdomsbedrift. Han fortel at det er elevane i 2ME og 2SE (media og service) som samarbeider om ulike forretningsidear:

— I år er det sju ulike ungdomsbedrifter. Produktspekteret omfattar både varer og tenester, opplyser Dagfinn Våge.

SawUBona er ei bedrift som sel morgonkåper. ItWoodWork har skohyller som si greie, medan Loffen sel tacoloff i lunsjen på Lundeneset. Focus tilbyr fototenester, medan Driftig satsar på å hjelpa eldre med data og sosiale medium. Spread IT designar og sel eigne mobildeksel.

— I byrjinga av mars deltar alle ungdomsbedriftene i fylkesmeisterskapen for Ungt Entreprenørskap. Her er det 18 ulike konkurransekategoriar. Lundeneset sine bedrifter deltar i konkurransane for beste logo, beste utstilling, beste seljar, og beste IA-bedrift (inkluderande arbeidsliv, godkjent av NAV). I tillegg skal dei delta i minst to valfrie kategoriar, det varierer frå beste reklamefilm, beste rekneskap og beste forretningsplan, avsluttar Våge.

Alle ungdomsbedrifter blir lagt ned når skuleåret er omme. Men ideane og gründervilje håpar ein vil vere til nytte og inspirasjon for norsk næringsliv i framtida.

Medlemmene i Bakeglede UB: Line, Esther-Emilie, Astrid-Helene og Sandra. Marcus var med då filmen vart laga. (Foto: Skjermdump, Bakeglede UBs reklamefilm)

Medlemmene i Bakeglede UB: Line, Esther-Emilie, Astrid-Helene og Sandra. Marcus var ikkje med då filmen vart laga. (Foto: Skjermdump, Bakeglede UBs reklamefilm)