Dei tilsette Earf UB: Elise, Elias, Randi, Siri og Kristina.

Gøy å læra gjennom UB

Kvar måndag gjennom heile skuleåret er det ungdomsbedrift, eller UB, som står på dagsorden for yrkesfagelevane. I år er det til saman sju bedrifter, som syslar med alt i frå termokoppar, til aksjar og grafisk design. Earf UB satsar på genserdesign. UB-kvardagen består av blant anna marknadsføring, kundekontakt og rekneskapsføring.

Miljømedvit
– Earf lagar berekraftige genserar, laga i 100 prosent økologisk bomull. Gjennom design og motiv ønsker me å fokusera på problema knytt til global oppvarming, fortel Randi B. Pedersen, produksjons- og berekraftsansvarleg i bedrifta.

Bedrifta bestiller økologiske genserar gjennom eit trykkeri, som igjen kjøper frå ei miljøsertifisert bedrift. Design og motiv er det elevane sjølv som står for. Til no har dei to ulike motiv. Det eine har økonomisansvarleg Siri Hjort designa:

– Eg har laga ein isbjørn som står på eit isberg, eit veldig lite isberg. Me vil med det vekka merksemd rundt oppvarming og at isen smeltar, seier Siri.

– Målgruppa til Earf er miljøbevisste ungdommar, ifølgje dagleg leiar Kristina Håkonsen. Sals- og marknadsansvarleg Elise Jakobsen utdjupar: – Det er me ungdommar som kan gjera noko med miljøproblema. Gjennom bedrifta vår vil me skapa merksemd slik at me kan hjelpa, seier ho.

Litt stress av og til
Bedrifta marknadsfører seg sjølv på Instagram og Facebook, og merkar interesser for produkta dei promoterer.

– Dette er gøy! Det kan sjølvsagt vera litt stress av og til, og arbeid har ein tendens til å hopa seg opp. Men det går som regel bra, seier Kristina. Alle dei fem tilsette i Earf UB går VG2 medieproduksjon på Lundeneset.

Her kan du lesa meir om alle ungdomsbedriftene:

Bånding UB

Pixel UB

Termokoppen UB

Take Care UB

Stocks UB

Salmetekstiler UB

Earf UB