God stemning på elevstemne og basar
Foto: Mathea Naustvik
Årets elevstemne vart lagt til siste laurdagen i september. Sidan fjorårsstemnet gjekk ut på grunn av smittesituasjonen, blei det fest og gjensynsglede for to påfølgande årskull denne dagen.
– Det blei ein veldig fin dag for jubilantane. Nokre kull var nok meir representert enn andre, delvis på grunn av at denne laurdagen også viste seg å vera ein stor konfirmasjonsdag. Likevel var det god stemning, mykje latter og mange gode historiar rundt borda, rapporterer studieleiar Mari H. Sunde.
På kvelden var det klart for den årvisse Lundenesbasaren. Årets utgåve var ein hybrid i to delar: Først var det ei samling for frammøtte i gymsalen med åresal og andakt. Då alle åregevinstane var trekte, gjekk denne sendinga over til «Digital Lundeneskveld», ei streama sending der me blei kjende med fleire interessante gjester og fekk høyra deira forhold til Lundeneset i dag. I denne sendinga vart også hovudlotteriet trekt.
– Oppsummert var oppslutnaden om denne kvelden var god. Til saman kom det inn rundt over 200.000 kroner brutto, noko som me er svært nøgde med, seier informasjonsmedarbeidar Leif Kåre Kolnes.
Årets innsamling går til oppussing av eit av dei eldste internata på Lundeneset: 400-serien som står midt på tunet. Dette bygget har nådd ein alder på godt over 30 år, og me er allereie komne godt i gang totalrenoveringa av første etasje. Så ei stor takk til deg som bidrog til at basaren fekk inntekter. Lundeneset er avhengig av gåver dersom økonomien skal gå rundt.
[ngg src=»galleries» ids=»16″ display=»basic_slideshow»]