ig2020-46

God og stabil søking

– Me er godt nøgde med søknadstala, seier rektor Gustav Løge Fosse, og minnar om at det framleis er mogleg å senda inn søknad, sjølv om opptaket no tek til.

Den 11. mars var det registrert i alt 283 førsteprioritetssøknader til Lundeneset. Dette er ein svak nedgang frå i fjor, og i hovudsak er det VG2 service og samferdsel og studiespesialisering som har litt færre søkarar i år.

Søkartala viser at mange vil gå det nye VG1 salg, service og reiseliv, medan det nye IT og medieproduksjon går litt ned dersom ein samanliknar med faget som er på veg ut. Begge faga ligg an til oppstart med fulle klassar i august.

  • VG1 salg, service og reiseliv (nytt 2020) har 33 søkjarar mot 19 til service og samferdsel i fjor
  • VG1 IT og medieproduksjon (nytt 2020) har 27 søkjarar mot 40 til medieproduksjon i fjor
  • VG1 studiespesialisering har 73 søkjarar, heilt likt som i fjor.

–Sjølv om VG1-tala er nokså like som i fjor, kunne me gjerne ønskt oss fleire førsteprioritetssøkjarar til VG2 service og samferdsel og studiespesialisering, uttalar undervisningsleiar Arlene Pedersen.

Begge VG3-klassane har god søkning for komande skuleår. Påbygg har 47 førsteprioritetssøkjarar, studiespesialisering 37.

Svarbrev på veg

Andre mars gjekk søknadsfristen ut, og førsteinntaket for skuleåret 2020/2021 har starta.  Svarbrev frå skulen er no på veg til nye søkarar. Nokre vil få tilbod om plass, medan andre hamnar på venteliste. Etter at skulen har fått inn alle svara frå førsteinntaket, vil det bli sendt ut nye inntaksbrev til søkjarar.

Alle som har søkt om skuleplass kan forventa å høyra frå Lundeneset innan 20. mars. Har du ikkje det, kan du ta kontakt med skulen.

– Har du ikkje fått plass endå, er det viktig å ha litt is i magen. Og har du ikkje søkt endå, er det framleis ikkje for seint, seier Pedersen.

— Fram til 15. juni blir alle som har søkt etter 2. mars prioritert bak dei som søkte innan fristen. Det er fortløpande inntak til ledige plassar utover våren og sommaren, så dei som er på venteliste for skuleplass har derfor framleis høve til å bli elev hos oss til hausten, avsluttar ho.