Gler seg til kjekke gjensyn

Dette fortel Mari H. Sunde, som er i komiteen for årets elevstemne. Sjølv er ho 10-årsjubilant under årets stemne.

Det er framleis mogleg å melda seg på elevstemnet 30. mai.

– Vidaregåande er ei spesiell tid for dei fleste, og for dei som har gått på Lundeneset er det kanskje endå meir spesielt. Sjølv om ein held kontakten med mange, er det også nokre ein ikkje har sett sidan ein slutta. Då er det kjekt å kunna møta dei ein har delt så mykje med, seier Mari.

I tillegg til god drøs, god mat og gode gjensyn, er dagen eit høve til å få møta personalet som var her og sjå alt det nye som har skjedd bygningsmessig.

Sjå programmet for årets stemne her.

For Lundeneset betyr det også mykje å ha gamle elevar tilbake på plassen, skulen set stor pris på kvar og ein som har gått her tidlegare.

– Sjølv om det etter kvart er mange elevar, har kvar og ein sin spesielle plass her hos oss. Det er kjekt for oss som skule å kunna ha kontakt med flest mogleg, seier Mari H. Sunde, som i dag arbeider som informasjonsmedarbeidar ved Lundeneset.

Sjå bilete frå tidlegare elevstemne under!

Publisert av
Helge Johan Stautland 2019-05-13 10:56:28

Del denne siden