Gjenbruksbutikk gir ekte arbeidserfaring
— Me har hatt nokre kundar, og fått selt litt. Butikken vår er ein gjenbruksbutikk, og me har i tillegg selt slush og vaflar, seier Louise Voll. Ho er økonomisjef i den koselege pop-up-butikken som nokre veker før påske er å finna på Ølen senter.
Kollega og medelev Lilly Sofie Jakobsen legg til at dei sel varer som pynt, klede, og brukte varer generelt. — I tillegg tek me i mot varer dersom nokon har noko dei vil levera, seier ho.
«Skarpe oppdrag» aukar motivasjonen
På Lundeneset er ein oppteken av at ein del av opplæringa skal vera såkalla «skarpe oppdrag». Dette gjeld spesielt for yrkesfaga, og handlar om prosjekt eller oppgåver som ikkje berre eksisterer i klasserommet. Dette er reelle oppdrag for kundar, bedriftsetablering eller samarbeid med næringsliv. Både elevane på sal, service og reiseliv og IT og medieproduksjon brukar dette som læringsmetodar i løpet av skuleåret. Tanken bak er at dette skal auka motivasjonen for skulegang og opplæring. Skarpe oppdrag synleggjer for elevane at det er ein samanheng mellom det dei lærer på skulen og den verkelege kvardagen.
— Gjennom oppdrag som dette lærer me ein del om kundeservice, det å styre bedrift og ha ansvar for økonomi. I tillegg har me fokus på berekraft, sidan dette er ein gjenbruksbutikk, forklarer økonomiansvarleg Brianna Gebremichael.
Hayso UB er organisert ved at ulike grupper i klassen har ansvar for butikken på forskjellige tidspunkt, tre dagar i veka.
Elevane er sjefane
Louise og Lilly er tydelege på at det er elevane som har mykje av ansvaret og styringa når skuledagen ser slik ut.
— Lærarane er rettleiarane våre, men det er me som bestemmer, understrekar dei.
Isak Rossland er salsansvarleg i Hayso UB. Han står bak kassen, og er einig med kollegaene sine. — I haust prøvde me oss også på butikk. Då hadde me garasjesal på Lundeneset, ei slags første utprøving av dette butikkonseptet, forklarer han.
Marknadsføring og budsjettering
Lilly er marknadsføringsansvarleg i bedrifta. — Me har jobba ein del med marknadsføring i forkant av denne butikketableringa. I tillegg har me jobba med å få inn varer, tenkt på korleis me skal tiltrekka oss kundar, og kven som er målgruppene våre, fortel Lilly.

Mette Tollaksen frå Aksdal fann seg klede som Lilly brettar fint saman. (Foto: Kees A. Z. Fjellvang)
Louise legg til at planlegging også handlar om budsjettering og å førebu seg på å handtera eventuelle vanskelege situasjonar som kan dukka opp.
Når elevane ikkje står i butikken, jobbar dei med butikkprosjektet på skulebenken. Dei har fått ei tverrfagleg oppgåve som alle skal levera og få tilbakemelding på.
Ein av kundane som er innom butikken denne dagen, er Mette Tollaksen frå Aksdal.
— Det var litt tilfeldig at me havna innom her i dag. Men eg handlar ofte brukte varer. Det er kjekt og spennande, ein finn ting ein ikkje har sett på lenge, eller ein kan koma over nye klesplagg for ein billig penge. Eg får ofte inspirasjon når eg går og kikkar i gjenbruksbutikkar.
I dag fann ho seg nokre klesplagg som kanskje ikkje hadde hamna i nye hender hadde det ikkje vore for Hayso UB.

