Givande dag på Granberg Garveri

Eit garveri er ein fabrikk der dei har spesialisert seg på å behandla skinn. VG1 service og samferdsel var nyleg på besøk hos Granberg Garveri, ein av Lundeneset sine næraste naboar. Granberg er Noregs største innan garveri av sau- og reinsdyrskinn.

– Me brukte ein halv fagdag på å besøka nabo Granberg Garveri for å læra om verdikjeden. Bedriftseigar Olav Granberg tok i mot oss, og etter å ha vist eit par filmar om bedrifta fekk me bli med rundt i produksjonslokalene for å sjå kva som skjedde med skinna frå dei kom frå slakteria og til dei blei pakka og klargjort for transport til kundar.

Elevane fekk sjå mange ulike maskinar og prosessar og me fekk mellom anna kjenna på skinn av både sel, isbjørn, gaupe, bjørn og rev.

Granberg Garveri AS vart etablert i 1951 og var då eit av dei minste garveria i landet. I dag har garveriet ein årsproduksjon på over 75.000 skinn, meir enn 38.000 registrerte kundar og 37 årsverk.

Publisert av
Helge Johan Stautland 2017-12-11 11:13:58

Del denne siden